29 July 2012

giving and doing

Å gi inneber at ein fullt ut sjølv eig det ein gir, og er fri til å gjera med det som ein sjølv vil. Ein kan ikkje gi det ein ikkje eig.
Elles dreier det seg om fordeling av noko ein disponerer.

Å gjera godt inneber at ein har initiativet, og av eigen fri vilje gjer ein innsats som lyfter andre opp.
Det å følgja moralske ideal og sosiale forventningar, blir ein sjølv­rett­ferdig­gjerande er­statning.

Ei ytre initiert eller eigenutvikla plikt kan verka sjølv­ut­slettande og lammande, i motsetning til fritt å gi og gjera godt som er opp­byggjande for begge partar.
Av ein eller annan grunn ligg det i oss at lagnaden/ karma/ gudane vil belønna «gode gjerningar». Sjå artikkelen frå forskning.no: → Blidgjør universet med gode gjerninger
Dette gjer det lett for organisasjonar eller andre samfunnsstrukturar som hevdar å representera det utan­for­menneskelege, å manipulera medlemmene til å til å gi av eigne ressursar til denne organisasjonen med løfte om at Gud/gudane.. skal belønna ein. I enkelte kristne retningar er å "utløysa velsigning" eit uttrykk brukt for å beskriva denne "mekanismen", men å vidt eg ser, strir dette fullstendig med skriftene (NT) som ideologien deira byggjer på. Andre grupperingar vil ha tilsvarande måtar å styra sine tilhøyrarar på.

No comments:

Post a Comment