10 May 2012

visible man

"Men han var ingen mørkemann", gjentar ho, som for å forsikra seg om at hennar store forbilde som alltid sjølvoppofrande stilte opp for henne, ikkje hadde tapt integriteten sin.
For det er vel det som er målet med å kalla folk mørkemenn:
Klistra ein merkelapp på dei, plassera dei i ein kategori som me kan distansera oss frå, halda på avstand, der det som blir sagt av desse menneska i denne kategorien, ikkje kan nå oss.
Me treng ikkje reflektera over sannhetsgehalten i det som blir sagt, dei er jo mørkemenn og då er det som blir sagt pr. def. ureflektert og dermed irrelevant. Me kan avvisa det før det når tanken vår.

Men han var ingen mørkemann.
Han hadde eigne meiningar, dyrkjøpte. Han hadde sett mange sider av livet, opplevd mye. Mista mye, vunne mye. Han hadde òg sett at for å verna om det mest verdfulle han visste, måtte ein setta noken grenser. Og for å kunna gi vidare det mest verdfulle han visste, hjelper det med retningslinjer.
Og fordi han brydde seg meir om sine medmenneske enn dei fleste andre, først og fremst dei minste og svakaste, ønska han å formidla sine refleksjonar vidare - ikkje påtvinga, men om mulig påverka.
Derfor lytta han òg, til andre innfallsvinklar, andres erfaringar og kunnskap. Han diskuterte gjerne, og korrigerte eigne standpunkt.
Noken av standpunkta hans var utfordrande nok, dei krevde at tilhøraren såg seg sjøl i spegelen. Då var det enklare å unngå dette ubehaget og heller kalla han ein mørkemann. Og sjå vekk frå levd liv.

Andre - som nettopp tar sin tilflukt i ein ureflektert moralisme som gjer det enkelt å dømma folk ut frå ei enkel moralnorm, og som dermed lagar seg ei plattform for eigen sjølrettferdighet der ein kan framstå som betre enn dei fleste - tok òg hans reflekterte standpunkt til inntekt for sitt eige overforenkla verdsbilde. Og med eitt blei han umyndiggjort igjen.
Reflekterte livserfaringar blei vulgariserte og gjort om til fordømmande mørkemannsmoraisme.

Men han var ingen mørkemann.

No comments:

Post a Comment