12 May 2012

exchanging richdom

Me som voks opp på det politisk korrekte 70-talet, inne­klemte mellom sosial­demo­kratisk lik­hets­tvang, jante­lov, borgar­lig kristen­moral­isme og 68-genera­sjonens støyande soli­daritets­idealisme, hadde ingen bearbeida re­fleksjonar som bal­last då mot­reak­sjonen kom i vår nyrike nasjon på 80-talet.

Me hadde i opp­veksten blitt inn­prenta at pengar ikkje gjorde folk lykke­lige, følgt av eit for­vrengt bibel­sitat: "pengar er rota til alt vondt". Som unge vaksne fekk me kor­rigert bibel­sitatet (me hadde heldig­vis òg fått med oss å sjøl gå til kjeldene og etter­prøva det folk hevda), og erfarte samtidig at den kramp­aktige ideologisk motiverte anti­material­isimen ialle­fall ikkje gjorde folk lykkelige.
Og så gjekk åra som best dei kunne.

Ein representant for generasjonen etter oss - Bas Kast - har forska på, og skrive bok - Ich weiß nicht, was ich wollen soll - om luksusproblem i vesten og det at folk blir stadig mindre lykkelige i land med vedvarande økonomisk vekst.
Ulike vitenskaplige testar viser at dei fleste ubevisst reagerer med å markera større avstand - fysisk og mentalt - til andre menneske straks dei blir minna om pengar.

Die Zeit gir et uttrag av boka i artikkelen Die Risiken des Reichtums. Denne refererer til eit par eksempel på slike eksperiment:
I det eine eksperimentet dukka det opp ein screen-saver på kontorets pc mens forsøkspersonane svarte på spørsmål dei trudde var sjølve testen. Deretter blei dei bedt om å hjelpa til med bl.a. å setta fram to stolar - ein til seg sjøl og ein til ein annan testperson som snart skulle komma inn.
Dei som hadde fått sett bilde av pengar på screen-saveren, sette stolane gjennomsnittlig 1/2 meter lenger frå kvarandre enn dei som hadde sett animerte fiskar på skjermen.

I eit anna eksperiment spelte testpersonane monopol med forskarane. Då dei var ferdige, gjekk dei ut i eit venterom der ein forskningsassistent "mista" ein pakke blyantar på golvet. Dei forsøkspersonane som hadde disponert over minst monopolpengar, var i gjennomsnitt meir hjelpsomme og plukka opp fleire blyantar enn dei som hadde spelt med eit stort beløp liksom-pengar.

Boka viser òg til analysar som viser at sjåførar i dyre bilar generelt er mindre hensynsfulle og bremser f.eks. seinare opp framføre gangfelt, enn dei som eig rimeligare kjøretøy.

Sirkelen blir slutta når dei økonomisk velståande kjøper psykologtenester fordi dei føler seg framandgjorte og einsomme.



Så langt Bas Kast og hans forsking.
Sjølvald fattigdom eller moralistisk basert nøysomhet har like mye utgangspunkt i materialisme som pengebegjær har, og dermed går ein att og fram i same grøfta og får uansett ikkje løfta blikket opp over økonomi og ufrihet.

Så her treng me å legga vekt på andre sider av livet som me kan kultivera og hausta frukter frå.

Bibelen foreslår: "Bruk pengane, som det hefter så mye urett ved, til å vinna dykk venner" (Luk 16.9). Dette er eit aktivt mottrekk til dei reaksjonane Bas Kast skriv om. Og kanskje går det an å snu holdningane våre og erstatta kjærlighet til pengar med kjærlighet til medmenneske - òg i dei instinktive reaksjonsmønstra våre.

No comments:

Post a Comment