20 May 2012

climbing

"Me har det nok for godt", er den van­lige, av­slut­tande replik­ken me bruker når me blir pre­sentert for vel­stands­sam­funnets util­sikta nega­tive ut­slag.

Og så blir me stå­ande der, "me har det for godt". Denne replik­ken har eg stadig hørt - og òg sjøl ytra - sidan 70-talet. Den har like stor revo­lusjon­ær kraft som "nå er eg mett" eller "ung­dom­men nå til dags.."

"Me har det for godt". Men så vil me ikkje gje slepp på noke heller - kan ikkje heilt finna kva me vil gjera for å ikkje ha det for godt.
Eller er det å seia "me har det for godt" eigent­lig ein for­dekt måte å sei "andre har alt for mye" på - og der­med unngå å avsløra eigen mis­un­nelse, sjølopptatthet eller ansvarsfråskriving?
For det er ei av­makt i replik­ken, ein resigna­sjon, stikk av dårlig sam­vit­tighet, ei kvelt bønn om hjelp.

For der er jo ikkje mange som gjer noke med det.
Me veit at me likevel ikkje kjem vidare.
Veit jo ikkje kor ein skal ta tak..

Og det er jo ikkje så rart - heile ytringa er jo ei absurd sjølmotseiing. Me veit jo det når me seier det - og hører det. Og det er nok derfor me seier det på denne måten òg - nettopp for å sleppa å bli ståande med ein tråd-ende som me har eit moralsk ansvar å begynna å nøsta opp.

Men det finst jo andre angrepsvinklar til framandgjering og oppjagahet i kulturen vår enn dette passiviserande uttrykket.
Det å verdsetta eigne ressursar - talent on du vil - og vidareutvikla dei på ein måte som er i samsvar med eigen integritet og overbevisning, er kanskje det viktigste utgangspunkt i møtet med dette.

No comments:

Post a Comment