30 May 2012

cyclists in town

Schous plass
Grünerløkka
Torggata

28 May 2012

divine light

For første gong er eg fullt ut einig med Dawkins i sine spissformulerte utfall.

BBC's artikkel → Richard Dawkins supports school Bible plan siterer han bl.a. slik:
"People who do not know the Bible well have been gulled into thinking it is a good guide to morality."
- og som sagt - eg kunne ikkje vore meir einig.
Dette er jo det grunnleggande i Bibelens skrifter - at vi ikkje skal bedømmast eller vurderast etter moral og gjerningar.

Det er dette heile vår moderne protestantiske historie bygger på - den politiske, kulturelle og den religiøse. Grunnlaget for den blei utforma i den Augsburgske vedkjenninga, der dei i 1530 uttrykte seg på denne måten:
Artikel 4: Von der Rechtfertigung
Weiter wird gelehret, daß wir Vergebung der Sünden und Gerechtigkeit für Gott nit erlangen mügen durch unser Verdienst, Werk und Gnugtun, ...
→ Das Augsburger Bekenntnis von 1530
Den norske kyrkja si oversetting: → "Den augsburgske bekjennelse"

just another beautiful sunset

after another beautiful day

27 May 2012

we do the expected when we are not expected to

Joachim Gauck opp­levde dei verste sidene av kultu­rell eins­ret­ting i moderne euro­peisk his­torie. Han blei net­topp inn­sett som Forbunds­pre­si­dent i Tysk­land, men på 80-talet var han pas­tor i DDR der han heldt men­neske­verdet høgt. I ein av talane sine sa han m.a:

Hof­fnung wächst nicht aus haben, sie wächst aus Sehn­sucht nach sein.

Wenn sie echt ist, risi­kiert sie etwas. Nicht Idylle, son­dern Ver­änder­ung umgibt sie. Eine Schwes­ter von ihr heißt Unruhe. Bitte er­schrecken wir nicht, son­dern be­den­ken wir, wohin uns die Ruhe gegen­über allem Un­recht ge­führt hat! Die eta­blierte Christen- und Bürger­gemein­schaft muss wohl lernen, ihren Un­ruhe­stif­tern zu danken. Sie lehren uns: Finde dich nicht ab mit dem, was du vor­findest ...

[Joachim Gauck: "Winter im Sommer ‐ Frühling im Hebst", s 140]

- som kan omsetjast omlag slik:
Håp veks ikke ut or det å ha, det veks frå lengsel etter å vera.

Når håpet er ekte, risikerer det noko. Ikkje idyll, men snarare endring følgjer med. Syster til håpet heiter uro. Tenkjer vi etter, utan frykt, forstår me korleis ro stadig har ført til urett! Dei etablerte kristen- og samfunnsfellesskapa har urostiftarane å takka. Dei lærer oss: Ikke avfinn deg med det du har føre deg ...

26 May 2012

tracked

we've all got our hand-held, two-ways personal remote control.

one side of our divine freedom is to not use it.

23 May 2012

self chosen identity

Me bruker fyrste­delen av livet til å finna utav det.
Resten av livet samlar me be­kreft­elsar på den mein­inga me gjorde oss opp.

Noken blir veldig for eitt eller anna når dei opp­dager verda rundt seg - i slut­ten av tenåra og noken få påfølg­ande år. Andre blir veldig mot akkurat det same.

Noken blir med ein flokk med like­sinna i ein straum av sam­svarande idéar og mål - og meining. Dette er veldig greitt, største­delen av ener­gien kan nå brukast til å støtta opp under det same. Til­værelsen blir trygg og enkel og ein kan òg bevilga seg eit lett ned­latande blikk på "dei andre". Ein har ei elv av ferdige argument med reson­nement å sann­ferdig­gjera opp­fat­ningane sine med, ein treng ikkje reflektera over desse sjøl. Desse er veldig brukande i møte med andre holdningar - ikkje så mye for å over­bevisa annleis­tenkande som for å under­støtta den platt­formen ein sjøl står på. Begynner den å vakla, blir det fort ukom­for­tabelt.

Andre eta­blerer sin identi­tet i - og søker opp be­kreftelsar som under­støtter - sin oppo­sisjon imot ei slik kon­form gruppe­tenking.
Eigent­lig er det to sider av same sak, dei beveger seg bare i mot­sett retning i for­hold til kvar­andre - i same grøfta.

First part of life we use to figure out of it.
Rest of out time we collect confirmations of the opinions we made us.

Somebody become very pro something when they discover the world around them - in the late teens and the followin few years. Others get very against the same.

Some of us join a flock of equal-minded in a flow of similar ideas and goals - and meaning. This is very conveniant as most of the energy now can be used to support common opinions. Living becomes safe and simple and one might even allow oneself a light arrogant attitude to the others. A flow of prepared arguments complete with resonnements are ready to be used to justify the opinions, one do not need to be bothered with doing own reflections.
These are very usable when confronted with other opinions - not so much to convince an opponent as to support own platform for life. When that one shakes it is getting uncomfortable.

Others base their identity upon - and search for arguments which support - an opposition against such a conform common-minded thinking.
They are really two sides of the same, they only move oppositely to each others - in the same ditch.

20 May 2012

climbing

"Me har det nok for godt", er den van­lige, av­slut­tande replik­ken me bruker når me blir pre­sentert for vel­stands­sam­funnets util­sikta nega­tive ut­slag.

Og så blir me stå­ande der, "me har det for godt". Denne replik­ken har eg stadig hørt - og òg sjøl ytra - sidan 70-talet. Den har like stor revo­lusjon­ær kraft som "nå er eg mett" eller "ung­dom­men nå til dags.."

"Me har det for godt". Men så vil me ikkje gje slepp på noke heller - kan ikkje heilt finna kva me vil gjera for å ikkje ha det for godt.
Eller er det å seia "me har det for godt" eigent­lig ein for­dekt måte å sei "andre har alt for mye" på - og der­med unngå å avsløra eigen mis­un­nelse, sjølopptatthet eller ansvarsfråskriving?
For det er ei av­makt i replik­ken, ein resigna­sjon, stikk av dårlig sam­vit­tighet, ei kvelt bønn om hjelp.

For der er jo ikkje mange som gjer noke med det.
Me veit at me likevel ikkje kjem vidare.
Veit jo ikkje kor ein skal ta tak..

Og det er jo ikkje så rart - heile ytringa er jo ei absurd sjølmotseiing. Me veit jo det når me seier det - og hører det. Og det er nok derfor me seier det på denne måten òg - nettopp for å sleppa å bli ståande med ein tråd-ende som me har eit moralsk ansvar å begynna å nøsta opp.

Men det finst jo andre angrepsvinklar til framandgjering og oppjagahet i kulturen vår enn dette passiviserande uttrykket.
Det å verdsetta eigne ressursar - talent on du vil - og vidareutvikla dei på ein måte som er i samsvar med eigen integritet og overbevisning, er kanskje det viktigste utgangspunkt i møtet med dette.

12 May 2012

exchanging richdom

Me som voks opp på det politisk korrekte 70-talet, inne­klemte mellom sosial­demo­kratisk lik­hets­tvang, jante­lov, borgar­lig kristen­moral­isme og 68-genera­sjonens støyande soli­daritets­idealisme, hadde ingen bearbeida re­fleksjonar som bal­last då mot­reak­sjonen kom i vår nyrike nasjon på 80-talet.

Me hadde i opp­veksten blitt inn­prenta at pengar ikkje gjorde folk lykke­lige, følgt av eit for­vrengt bibel­sitat: "pengar er rota til alt vondt". Som unge vaksne fekk me kor­rigert bibel­sitatet (me hadde heldig­vis òg fått med oss å sjøl gå til kjeldene og etter­prøva det folk hevda), og erfarte samtidig at den kramp­aktige ideologisk motiverte anti­material­isimen ialle­fall ikkje gjorde folk lykkelige.
Og så gjekk åra som best dei kunne.

Ein representant for generasjonen etter oss - Bas Kast - har forska på, og skrive bok - Ich weiß nicht, was ich wollen soll - om luksusproblem i vesten og det at folk blir stadig mindre lykkelige i land med vedvarande økonomisk vekst.
Ulike vitenskaplige testar viser at dei fleste ubevisst reagerer med å markera større avstand - fysisk og mentalt - til andre menneske straks dei blir minna om pengar.

Die Zeit gir et uttrag av boka i artikkelen Die Risiken des Reichtums. Denne refererer til eit par eksempel på slike eksperiment:
I det eine eksperimentet dukka det opp ein screen-saver på kontorets pc mens forsøkspersonane svarte på spørsmål dei trudde var sjølve testen. Deretter blei dei bedt om å hjelpa til med bl.a. å setta fram to stolar - ein til seg sjøl og ein til ein annan testperson som snart skulle komma inn.
Dei som hadde fått sett bilde av pengar på screen-saveren, sette stolane gjennomsnittlig 1/2 meter lenger frå kvarandre enn dei som hadde sett animerte fiskar på skjermen.

I eit anna eksperiment spelte testpersonane monopol med forskarane. Då dei var ferdige, gjekk dei ut i eit venterom der ein forskningsassistent "mista" ein pakke blyantar på golvet. Dei forsøkspersonane som hadde disponert over minst monopolpengar, var i gjennomsnitt meir hjelpsomme og plukka opp fleire blyantar enn dei som hadde spelt med eit stort beløp liksom-pengar.

Boka viser òg til analysar som viser at sjåførar i dyre bilar generelt er mindre hensynsfulle og bremser f.eks. seinare opp framføre gangfelt, enn dei som eig rimeligare kjøretøy.

Sirkelen blir slutta når dei økonomisk velståande kjøper psykologtenester fordi dei føler seg framandgjorte og einsomme.



Så langt Bas Kast og hans forsking.
Sjølvald fattigdom eller moralistisk basert nøysomhet har like mye utgangspunkt i materialisme som pengebegjær har, og dermed går ein att og fram i same grøfta og får uansett ikkje løfta blikket opp over økonomi og ufrihet.

Så her treng me å legga vekt på andre sider av livet som me kan kultivera og hausta frukter frå.

Bibelen foreslår: "Bruk pengane, som det hefter så mye urett ved, til å vinna dykk venner" (Luk 16.9). Dette er eit aktivt mottrekk til dei reaksjonane Bas Kast skriv om. Og kanskje går det an å snu holdningane våre og erstatta kjærlighet til pengar med kjærlighet til medmenneske - òg i dei instinktive reaksjonsmønstra våre.

10 May 2012

visible man

"Men han var ingen mørkemann", gjentar ho, som for å forsikra seg om at hennar store forbilde som alltid sjølvoppofrande stilte opp for henne, ikkje hadde tapt integriteten sin.
For det er vel det som er målet med å kalla folk mørkemenn:
Klistra ein merkelapp på dei, plassera dei i ein kategori som me kan distansera oss frå, halda på avstand, der det som blir sagt av desse menneska i denne kategorien, ikkje kan nå oss.
Me treng ikkje reflektera over sannhetsgehalten i det som blir sagt, dei er jo mørkemenn og då er det som blir sagt pr. def. ureflektert og dermed irrelevant. Me kan avvisa det før det når tanken vår.

Men han var ingen mørkemann.
Han hadde eigne meiningar, dyrkjøpte. Han hadde sett mange sider av livet, opplevd mye. Mista mye, vunne mye. Han hadde òg sett at for å verna om det mest verdfulle han visste, måtte ein setta noken grenser. Og for å kunna gi vidare det mest verdfulle han visste, hjelper det med retningslinjer.
Og fordi han brydde seg meir om sine medmenneske enn dei fleste andre, først og fremst dei minste og svakaste, ønska han å formidla sine refleksjonar vidare - ikkje påtvinga, men om mulig påverka.
Derfor lytta han òg, til andre innfallsvinklar, andres erfaringar og kunnskap. Han diskuterte gjerne, og korrigerte eigne standpunkt.
Noken av standpunkta hans var utfordrande nok, dei krevde at tilhøraren såg seg sjøl i spegelen. Då var det enklare å unngå dette ubehaget og heller kalla han ein mørkemann. Og sjå vekk frå levd liv.

Andre - som nettopp tar sin tilflukt i ein ureflektert moralisme som gjer det enkelt å dømma folk ut frå ei enkel moralnorm, og som dermed lagar seg ei plattform for eigen sjølrettferdighet der ein kan framstå som betre enn dei fleste - tok òg hans reflekterte standpunkt til inntekt for sitt eige overforenkla verdsbilde. Og med eitt blei han umyndiggjort igjen.
Reflekterte livserfaringar blei vulgariserte og gjort om til fordømmande mørkemannsmoraisme.

Men han var ingen mørkemann.

06 May 2012

fisher

sunday afternoon

05 May 2012

seemingly in the same world

some are physically close and not at all present

others are physically distant and all the same more present than anyone else

03 May 2012

adapted city

ein ting er sikkert:
før i tida var alt mye meir gammaldags.

02 May 2012

tranquility

In a few hours one version of Munch’s “Scream” is to be sold in New York for possibly the largest price ever for a painting.

My view from my balcony right now is almost like what young Edvard saw when he got inspiration to the artworks.

He writes in a page in his diary headed Nice 22.01.1892:
«I was walking along a path with two friends – the sun was setting – suddenly the sky turned blood red – I paused, feeling exhausted, and leaned on the fence – there was blood and tongues of fire above the blue-black fjord and the city – my friends walked on, and I stood there trembling with anxiety – and I sensed an infinite scream passing through nature.»
And he originally called his pictures "Der Schrei der Natur"..

I do not have the same feeling when I look at the landscape today - rather the opposite.

For some reason few Norwegians sense the greatness in Munch’s artworks, while he is admired over the top abroad. Der Spiegel wrote in last issue about "Scream": «Man muss keine psychische störung haben, um dieses Bild zu verstehen. Es genügt vollkommen, lebendig zu sein.»
In the times to come he probably will be more acknowledged by us Norwegians too - now as his works are among the most famous and, not least, most valued - in money.