29 April 2012

sheer beauty and wonder

Under kjerke­kaffien i dag var det umu­lig å føra natur­lige sam­talar. Det skal mon­terast nye støy­dempande tak­plater, og dei få som var der før, var dermed fjerna.
Øyvind har god greie på akustikk, og fortalte at det finst eit par små musklar - stapedius og tensor tympani - inni øyra som dempar sving­ningane i endel av frekvens­området, som igjen gjer at lyd­bildet trer klarare fram trass i bak­grunns­støy.
Musklane blir stivare med åra, og for oss som er 50+ har det blitt stadig vanske­ligare å føra naturlige samtalar i dette rommet med betong­tak og -golv og mengder av liv­lige ungar omkring.

Her har me altså eit system av sam­arbeidande stramt utspent hud - tromme­hinna, tre små bein­bitar - hammaren, ambolten og stig­bøylen - nøyaktig utforma, og så bittesmå musklar som filtrerer bort bakgrunns­støy. Alt saman fint justert. Vidare har me ennå vanske­ligare ting inni øyra - som akustikk­system, sensorar og signal­overføring før hjernen får oss til ganske enkelt å høra - fugle­kvitter og musikk og barnelatter, eller inter­es­sante samtalar.

---

I dag sto tulipanane i full blomst utafor døra mi. Og ein sommarfugl som sikkert ikkje tenkte over kordan han hadde fått det flotte admiralmønsteret på vengene sine, sansa meg og flaug vekk då eg nærma meg.
Frå balkongen nå på ettermiddagen ser eg sola skin gjennom milliardar av blad i lysegrøne nyansar, kvar med sin individuelle vekst, ferdig koda til å bli ein liten fabrikk som spaltar CO2 til oksygen og hard ved.

Jo meir eg får vita om livet, jo meir fascinert blir eg.

No comments:

Post a Comment