28 April 2012

alive

så var me heilt aleine igjen. Eit par forskarar har nå brukt nye metodar for å rekna ut sann­syn­lig­heten for at der er noken andre der ute. Den er så liten at kon­klu­sjo­nen er at det bare er her på den litle jorda vår at det er liv.

Eg hørte ein­gong ein av av dei fremste forskarane innan biologi sa: "liv, det veit me ikkje kva er..". Forskarar finn ut stadig meir om saman­hengar og beting­elsar for liv, men kva liv er, det har ingen ennå klart å svara på.

Det verkar derfor litt merkelig at noken har klart å lage ein sann­synlig­hets­modell for om noke me ikkje eigent­lig veit kva er, finst ein plass eller ikke. Men dei har vel undersøkt dette i forhold til det me alt veit om livet - og sjølv det me kan observera og forstå, er så samansett og komplisert at universet ikkje er stort nok til at det finst fleire variantar av det.
Ikkje alle er enige i desse sannsynlighets­modellane, og bra er jo det, ellers kunne jo konklusjonen blitt ståande som eit passiviserande dogme.

Det er litt skummelt å høra at me er unike.
For eindel var det jo litt beroligande dette, at naturlovane set igang og lagar liv straks dei får ein anledning. Nesten over alt og under alle forhold her på jorda finst det jo liv.
Men det er visst ikkje så enkelt likevel. Og me står igjen med det eksistensielle: korfor er eg her?.

No comments:

Post a Comment