29 April 2012

sheer beauty and wonder

Under kjerke­kaffien i dag var det umu­lig å føra natur­lige sam­talar. Det skal mon­terast nye støy­dempande tak­plater, og dei få som var der før, var dermed fjerna.
Øyvind har god greie på akustikk, og fortalte at det finst eit par små musklar - stapedius og tensor tympani - inni øyra som dempar sving­ningane i endel av frekvens­området, som igjen gjer at lyd­bildet trer klarare fram trass i bak­grunns­støy.
Musklane blir stivare med åra, og for oss som er 50+ har det blitt stadig vanske­ligare å føra naturlige samtalar i dette rommet med betong­tak og -golv og mengder av liv­lige ungar omkring.

Her har me altså eit system av sam­arbeidande stramt utspent hud - tromme­hinna, tre små bein­bitar - hammaren, ambolten og stig­bøylen - nøyaktig utforma, og så bittesmå musklar som filtrerer bort bakgrunns­støy. Alt saman fint justert. Vidare har me ennå vanske­ligare ting inni øyra - som akustikk­system, sensorar og signal­overføring før hjernen får oss til ganske enkelt å høra - fugle­kvitter og musikk og barnelatter, eller inter­es­sante samtalar.

---

I dag sto tulipanane i full blomst utafor døra mi. Og ein sommarfugl som sikkert ikkje tenkte over kordan han hadde fått det flotte admiralmønsteret på vengene sine, sansa meg og flaug vekk då eg nærma meg.
Frå balkongen nå på ettermiddagen ser eg sola skin gjennom milliardar av blad i lysegrøne nyansar, kvar med sin individuelle vekst, ferdig koda til å bli ein liten fabrikk som spaltar CO2 til oksygen og hard ved.

Jo meir eg får vita om livet, jo meir fascinert blir eg.

a gorge in the city

28 April 2012

alive

så var me heilt aleine igjen. Eit par forskarar har nå brukt nye metodar for å rekna ut sann­syn­lig­heten for at der er noken andre der ute. Den er så liten at kon­klu­sjo­nen er at det bare er her på den litle jorda vår at det er liv.

Eg hørte ein­gong ein av av dei fremste forskarane innan biologi sa: "liv, det veit me ikkje kva er..". Forskarar finn ut stadig meir om saman­hengar og beting­elsar for liv, men kva liv er, det har ingen ennå klart å svara på.

Det verkar derfor litt merkelig at noken har klart å lage ein sann­synlig­hets­modell for om noke me ikkje eigent­lig veit kva er, finst ein plass eller ikke. Men dei har vel undersøkt dette i forhold til det me alt veit om livet - og sjølv det me kan observera og forstå, er så samansett og komplisert at universet ikkje er stort nok til at det finst fleire variantar av det.
Ikkje alle er enige i desse sannsynlighets­modellane, og bra er jo det, ellers kunne jo konklusjonen blitt ståande som eit passiviserande dogme.

Det er litt skummelt å høra at me er unike.
For eindel var det jo litt beroligande dette, at naturlovane set igang og lagar liv straks dei får ein anledning. Nesten over alt og under alle forhold her på jorda finst det jo liv.
Men det er visst ikkje så enkelt likevel. Og me står igjen med det eksistensielle: korfor er eg her?.

27 April 2012

norwegian court

protests against terror
the civilised way

yellow

22 April 2012

sunday afternoon

explaining what there are no words for, rather hide or misguide

and those who see do not need to be explained

16 April 2012

15 April 2012

birds coming close

Black-headed gull
Swan ♂, en face
Swan ♂, profile

14 April 2012

sikh for a day

The Sikhs' turban-day, where they wrapped the head of anyone who wanted it in colourful garments, could be noticed all over the centre of Oslo

10 April 2012

old styles - still valued

Lost doll.
Grubbegata.
Narvesenkiosken.
Karl Johans gate / Rosenkrantsgate.
Nordisk nybarokk.

08 April 2012

easter day

Så var påsken over. Viktigste festen i kristen­dommen blir det sagt. Men korfor og på kva måte vil visst ikkje media belyse. Ikkje kykjene heller ser det ut som. I det heile tatt er det liten opp­merk­som­het rundt sjølve opp­stand­elsen.

Uansett om ein klarer å forholde seg til "legemets oppstandelse" eller må ty til begrepet "allegorisk" eller andre van­ske­lege ord, så var det dette som sette fart i en liten gjeng frå nokre støvete lands­byar for lenge sidan, og har forma historia seinare.

Det er denne uendelege positive livs­krafta som viste seg påske­morgon. Den som suverent løfter seg over det des­truk­tive - enten det er sjølv­forakt eller forakt overfor andre, enten det er mismot eller hevnlyst eller det som verre er.

Det er offentleg flagdag denne dagen, og det er grunn til å feire.
the flag was hoisted on all public buildings

from the opera roof these drummers made themselves
audible all over the central part of the city
with their rythm-music.

a worthy tribute to the day.

07 April 2012

‘Way Of The Cross’ Procession in Oslo

Back to the 80's

Første gongen eg var med på kross­vandringa i Oslo, var på 80-talet eingong.
Verda var framleis delt opp i Aust- og Vesteuropa, og i verdsdelar.

Ytre Suløens Jass-ensemble og SKRUK hadde nettopp komme ut med noe så grensesprengande, provoserande friskt og moderne som kristne songar og salmar i New-Orleans-jazz-drakt.

Trusselen frå 68'arane hadde løya og "solidaritet" var eit motebegrep som òg det unge og samfunnsbevisste kristen­folket kunne bruke som spydspiss i sitt engasjement.

Verda var i endring.
Kyrkja var moderne og tidsriktig.

Og kyrkja har fortsett linja si frå denne gongen. Kirkens Bymisjon i Oslo har vore blant dei som har trassa politikarar og byråkratar og gitt både praktisk hjelp og verdighet til dei som har falle ned frå vårt krevande samfunns danseplatform og verken har evne eller styrke til å vende tilbake.

Oslo Domkirke var sist sommar det naturlege punktet for å gje uttrykk for det ingen hadde ord for då personifisert vondskap ramma nasjonen generelt og politisk engasjerte ungdommar spesielt.
Rosehavet utafor og den døgn­kon­tinuer­lege køen av sørgande som stoppa ved altaret inst i kyrkja, var synlege uttrykk for dette.
Soknepresten og dei andre tilsette har min største respekt for måten dei møtte folkets lengsel og behov på.

Tradition

"Økumenisk korsvandring" hentar element frå katolsk tradisjon der dei truande besøker 14 stasjonar som skildrar scenar i Jesu lidings-historie.
På denne måten byggest bruer mellom dei ulike konfesjonane - noe eit stadig meir multikulturelt samfunn treng mange av.
Krossvandringa i Oslo skil seg likevel frå den katolske, og tar utgangspunkt i Jesu ord om av den som vil følge han, dagleg tar opp sin eigen kross - samtidig med at vi blir oppfordra til å bere kvarandres bører.
Stasjonane denne prosesjonen stoppar ved, representerer maktsenter og kulturformidlarar i samfunnet, og tekstene og bønnene som blir lesne, uttrykker ønske om større rettferdighet, frihet og trygghet i samfunnet. Indirekte fungerer dei òg som tankevekkarar og stimulansar til eige sosialt samvit.

I eit samfunn der dei viktigste nyhets­media synest å ha angst for eitkvart tradisjonelt religiøst uttrykk, er det òg prisverdig at dei bevegelege fridagane på våren blir forklart på ein tydeleg måte og får tilført litt av det opphavlege innhaldet.

Men det er noe med desse tradi­sjonane..
Dei får ofte verdi i seg sjølve, i staden for å vere transpa­rente og rette opp­merk­semda mot det dei representerer.

Og eg opplevde arrangementet for klaustrofobisk til at eg makta å følge med i vandringa. Så eg kikka i pro­gram­met, tok snar­vegane og venta til prosesjonen dukka opp på neste post.
Feigt, arrogant, surfing på overflata - kanskje det. Eller kanskje ikkje.

Det som var spennande, moderne of prog­ressivt på 80-talet, er like gammalmodig og ufarleg i dag som liturgi og salmesong var då.
Og då årets krossvandring enda opp med ein New Orleans-prega blues-konsert i domkyrkja, var ringen fullført, og eg trekte meg ut.
Dette er ikkje ein kritikk til utøvarane - dei er profesjonelle og utnyttar sitt talent fullt ut. Men for mange blir det noe senti­men­talt og "gammalt og trygt" over settinga. Bach's orgelkonsertar ville vore vel så moderne - så begrepet "moderne" treng ein ikkje gi plass til i denne saman­hengen.

I'm gonna live forever

Jesu liding er ikkje unik - heller ikkje krossberinga og forhåninga. Tusenvis av enkeltmenneske har lide meir og lenger enn han.

Og påsken stoppar då heller ikke ved liding, krossfesting og død, men har sin finale i krafta som sigrar over vond­skapen, menneske­forakten og døden.

At naturen her i nord visuali­serer sjølve påsken ved at "nytt liv av daude gror" - som Elias Blix formulerer det - får vi ta som ein ekstra bonus.

Eg skulle ønske at nettopp dette blei markert tydelegare av kyrkjene.
Dveling ved eigen og andres elendighet og ved verdas urettferdighet har sin rett­messige plass i gjennom­regulert sam­funn, men gir ikkje meir energi til å gjere noko med det, enn det som skuld­kjensla kan suge ut or oss. Vi blir ståande tilbake i vår util­strekke­llg­hets­følelse og opplever så ofte at våre bidrag ikkje har større effekt enn noen stønn i stormen.

Krafta i påskemorgen - på den andre side - set fokuset på nettopp krafta i Livet, rettferda og godheten. Og det å legge seg på denne straumen løftar oss fram og opp - som enkeltindivid, aleine og saman.

Back to the future

Omlag halvparten (+/−) av befolkninga trur på det som er fundamentet for teologien kyrkja bygger si verksemd på. Men det er ikkje mange som opplever at kyrkja formidlar så viktige verdiar i livet deira og blir oppløfta av eit besøk i ei gudsteneste eller liknande, at dei opp­søker desse regelmessig. Heller ikkje engasjerer arrangement av denne typen særleg - det blir noe innovervendt, religiøst og tafatt over dei.

Vi skal likevel ikkje glømme å heidre alt det som skjer utafor mediefokuset. Dei fleste av oss er både takknemlege og imponerte over det medmenneskelege arbeidet som mange enkeltmenneske engasjerer seg i - drivne av nettopp det denne krossvandringa munnar ut i.

Så mens vi famlar litt rundt i livets mang­slungne ut­ford­ringar og ventar på eit denne-tids-uttrykk for dei 2000 år gamle tidlause og evig-aktuelle hendingane som gir verdig­het til enkelt­menneske og retning og energi til engasje­ment for frihet og rett­ferdig­het, applauderer eg på sidelinja til dei som trass i sin moderni­serte retro-stil gjennom­fører noen av dei få ut­trykka vi har i sam­funnet som knytter det abso­lutte med det relative, det evige med det kvar­dags­lege, det gud­dommelege med det men­neske­lege.
The procession followed Oslo's main street
- Karl Johans gate

and stopped at Egertorget

Life in Oslo went on as usual

Town Hall

University

Parliament

Perfect view from Grand Hotel

Outside a newspaper's HQ

The procession ended up in Oslo Cathedral

- in which a New Orleans-jazz inspired concert
finalised the event




Clerics and their spectacular hats
oslo cathedral's main-vicar's hat is just as colourfull as the pope's, but much more modern and far more practical.

03 April 2012

02 April 2012

oslo's main street

someone labeled norway's parade street with a new name

waiting news

"Statsministeren fremstår som en mann med hjerte av stål, dårlig situasjonsoppfattelse, null evne til å se symbolikken i saken."

Jan Erik Vold gir sin karakteristikk av statsministreren i Aftenpostenkronikken: Jens Stoltenberg som landsfader?